Det skulle eigentleg vera ein sommarfest i forsamlingshuset på Hognestad, og bandet som då heitte Svendsen Supertruckers skulle halda ein etterlengta konsert. Inngangsprisen var 20 kroner, men var du kar og hadde med deg dame fekk heile følgjet koma inn gratis.
Det heile enda opp som ein venners-venner fest med fleire kunstnariske innslag, mellom anna Hassa’s Incredible Didgeridoo Experience, fleire vokale gjesteopptredenar i løpet av Supertruckers-konserten, og til slutt ein minikonsert med Totkopf. Det er i alle fall slik me likar å hugsa det. Stemninga stod i taket, sjølv om nokre kanskje syns det vart i overkant mykje lyd i eit så lite lokale.
Etter festen var det brei semje om at det me hadde opplevd ikkje var ein standard jærfest i eit forsamlinghus på Hognestad. Nei, dette var tidenes første Hoggstock og suksessen måtte gjentakast neste år, men då i endå større format. Det var til og med snakk om at det måtte tilretteleggjast for festivalcamping på ein kornåker ved sida av forsamlingshuset. Dato for festivalen måtte i så tilfelle leggjast til rett etter tresking. Då denne datoen varierer frå år til år innsåg me ganske snart at dette ville gjera planlegginga av festivalen bortimot umogleg, og planane vart skrota.
Rock mot skalldyr
Dette var året då festivalen eigentleg starta. I fleire år hadde medlemmane i Svenssen Supertruckers, Totkopf og Gravmar & The Gravediggers ergra seg over det elendige utelivstilbodet på Bryne, og bestemte seg for å ta saka i eigne hender. Dei ville visa at det faktisk var muleg å arrangera konsertar på Bryne utan at det måtte kosta skjorta for både arrangør og publikum. Gjekk det an å arrangera festival på Hognestad måtte det vera fullt muleg å få det til på Bryne også. Festivalgeneral Ingve Lende tok kontakt med TimeOut Funpub på Bryne som tok imot oss med opne armar og ølkranar. Skikkeleg PA-anlegg vart leigd inn, plakatar vart hengde opp over heile Jæren og det vart trykt opp eit eksklusivt tal festival t-skjorter som måtte førehandstingast. Microsoft Word gjorde nytta som designverktøy.
Totkopf hadde eit namn i området frå før av og vart kveldens headliner, Svenssen Supertruckers og Gravmar & The Gravediggers stod for oppvarminga. Festivalslagordet vart «Rock mot Skalldyr», ein protest mot Skalldyrfestivalen i Mandal. Kva hadde ein liten rockefestival på Bryne å gjera med ein skalldyrfestival i Mandal? Ingenting, utanom at dei to festivalane vart arrangert same helga.
180 personar tykte dette var verdt 50 kroner og tok turen til TimeOut, ein gledeleg suksess som sikra overskot og inspirasjon til neste år.