Personvern-erklæring

Ingen kaker

Me brukar ikkje informasjonskapslar / cookies / kaker på ranglerock.no.

 

Me nyttar den personvernvenlege statistikkløysninga Plausible for å sjå kva som blir mest brukt, sett og lest på nettstaden. Denne løysinga samlar ikkje inn opplysningar om brukarane.

 

Me har eit kontaktskjema du kan nytta deg av, men det du legg inn der blir sendt til oss på e-post og blir ikkje lagra i noko anna system.

Nyhendebrev

Om du ønsker å abonnera på nyhendebrev frå oss, så nyttar me Mailchimp for å senda ut desse. I Mailchimp tek me vare på e-postadressa di, tidspunktet du samtykka til å få nyhendebrevet og IP-adressa di. Du kan når som helst melda deg av nyhendebrevet. Det vil ligga ei lenke for å melda deg av nedst i kvar e-post. Om du vel å melda deg av, slettar me alle opplysningane om deg.

Innsyn og sletting

Me kan sletta data me har om deg og fortelja deg kva data me har om deg. Kontakt oss på ranglerock@ranglerock.no for å få oversikt over kva me veit om deg. Du kan òg be oss sletta alt saman, oppdatera det som er feil eller sletta delar av opplysningane.

 

Meiner du at me har gjort noko gale med dine personopplysningar, kan du klaga til Datatilsynet i Noreg.