Info

Om

Ranglerock blir arrangert for tjueandre gong i 2024, og går over to dagar. Festivalen blir arrangert innandørs i Hvelvet til Kulturbanken på Bryne helga 28.–29. juni.

 

Overnatting

Ranglerock har ikkje eigen festivalcamp, men moglegheitene for overnatting er likevel mange. Festivalen vert arrangert midt i Bryne sentrum, mange vel derfor å overnatta på eit av hotella i sentrum: Hotell Jæren eller
Bryne Kro og Hotell

 

På Jæren finn du fleire campingplassar, dei fleste plassert rett i nærleiken av ei av dei mange fine strendene på Jæren. Meir informasjon om camping finn du på regionstavanger.com.

 

Ranglerock er eit idealistisk initiativ basert på dugnad der føremålet først og fremst er å skapa gode konsertopplevingar og auka interessa for ny musikk. Dette kan du lesa meir om i vedtektene til festivalen.

 

Å rangla, å rangle | ranglar | rangla | har rangla | rangl!rangla!rangle!

Opphav: samanheng med rage

Tyding og bruk:

1. reke, rusle, gå og slenge, drive (ikring), døme: han rangla gardimellom

2. ture, svire

 

Tilrettelegging

Me ønsker at alle som vil skal få rangla på festivalområdet under Ranglerock. Me vil vera ein festival som er tilgjengeleg for alle og som er godt tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne. Om du har behov for tilrettelegging, eller har spørsmål rundt tilgjenge på festivalen, ta kontakt med vår festivalleiar Trine Nesse (trine.nesse@hotmail.com / 995 67 489).

 

Nedanfor finn du dei tilboda me har knytt til tilgjenge.

 

UNIVERSELL UTFORMING
Festivalområdet er universelt utforma.

 

FØLGJEBEVIS
Alle som har følgjebevis, kan få med seg ein følgjeperson på festivalen. Grunna avgrensa kapasitet på festivalområdet er det fint om du kan gje beskjed på førehand dersom du har med deg følgjeperson. Send ein e-post til ranglerock@ranglerock.no.

 

TRANSPORT OG PARKERING
Det er parkeringsplassar fleire stadar i nærleiken av festivalområdet. Det er trinnfri gangveg frå parkeringsplass til inngang.

 

HC-TOALETT
Det er HC-toalett på festivalområdet.

 

HC-RAMPE
Ranglerock har dessverre ikkje HC-rampe.

 

TRINNFRI ADGANG
Alle servicepunkt på festivalområdet har trinnfri adgang.

 

ALLERGIAR OG MATMERKING
Mattilbodet på Ranglerock blir allergimerka på utsalsstaden.

Under 18 år

Det er 18-års aldersgrense og legitimasjonsplikt under Ranglerock.

Dersom du er under 18 år, slepp du likevel inn på festivalområdet så lenge du har med deg verje.

Dette må særskilt avtalast på førehand, og den mindreårige må vera i følge med minimum éin person over 25 år. Ein bør møta opp på arrangementet 15 minutt før dørene opnar og bli presentert for dei som arbeider, og i tillegg underteikna verjekontrakt før ein får tilgang til arrangementet.

Desse reglane gjeld:

  • Personar under 18 år må ha verje med seg på Ranglerock.
  • Personar under 18 år skal til ei kvar tid vera saman med og under oppsyn av sine føresette/verjer.
  • Verja må vera over 25 år.
  • Verja må vera edru medan dei under 18 år er tilstades.
  • Verja kan ha med seg inntil to personar under 18 år.
  • Send namn og fødselsdato på den/dei under 18 år og verja sitt namn og telefonnummer til ranglerock@ranglerock.no før festivalhelga.
  • Ver venleg å gje beskjed til vakter om noko ikkje er som det skal vera.
  • Det er viktig å beskytta barn (og vaksne) sine øyrer med øyreproppar.
  • Verje og personar under 18 år blir merka med til dømes billettband med ein særskilt farge.

Me gjer merksam på at Ranglerock berre slepp inn eit avgrensa tal personar under 18 år.

Misbruk av ordninga fører til politimelding.