Som vanleg vert det Ranglequiz laurdag klokka 16.00. Ranglequizen er ein musikkquiz som føregår i kafeen i Mølla. Det er gratis å delta og premiane er langt betre enn det du forventar.
Jedo! Etter fleire kanselleringar og unormalt mykje struggling med å sy saman årets artistprogram er programmet no endeleg klart. Som vanleg kan du sjå fram til mange spanande konsertar med artistar du ikkje visste du likte.
Endeleg er alle band på plass, og då er også årets festivalplakat klar. Vipefrisyre er det einaste som gjeld dersom du skal vera in på Ranglerock i år.
Ranglerock utvidar i år festivalen med ein dag, slik at du kan få rangla skikkeleg frå deg under årets ranglehelg numero uno. Torsdagen går under namnet RangleHARDROCK.
Sjølv om det kanskje ikkje har sett heilt slik ut er Ranglerock i rute. Det har vore problem med nettsidene, men problemet er no løyst og sidene vil verta oppdatert i løpet av helga. Billettar vert også lagt ut for sal over helga. Innimellom kan du sjekka programsida for programmet så langt!
Svenssen er det opphavelege vertskapet for Ranglerock og har årets sikraste spelejobb på Ranglerock. Sterke melodiar, gode harmoniar og kontant gitarspel er essensen i den jærske modrocken Svenssen serverar. myspace.com/svenssen





