Familiefestivalen Rangling for småsporvar arrangerer 9. juli ein ettermiddag med konsertar og aktivitetar for barn og familiar i parken Sporvatunet ved Time bibliotek. Me vil laga ein gild dag med musikkglede for barn og vaksne.
Festivalen har i år fokus på folketradisjonar. Me har artistar som representerer ulik folkemusikk: Tuhaf spelar rock med tyrkiske folketonar. Naaljos Ljom spelar norske folketonar med ein techno-vri, og Tusmørke har i progrockmusikalen Bydyra laga eit moderne eventyr.
Det vil bli framsyning og opplæring i folkedans i parken. Og inne i biblioteket vil det bli filmvising av Ivo Caprinos Askeladden, og eit populærvitskapleg foredrag med dr. Kristoffer Momrak om sumeriske gudar og menneskas opphav. Meir variert program har me aldri hatt.
Kom, kom kom, og sprei gjerne ordet om festivalen vidare!
Klokkeslett | Hending/stad |
---|---|
1100 | Askeladden/bibliotek oppe |
1200 | Tusmørkes BYDYRA/utescene |
1245 | Sumeriske gudar og menneskas opphav/bibliotek oppe |
1310 | TUHAF/utescene |
1330 | Lynkurs i folkedans/parken |
1400 | Naaljos Ljom/utescene |
1440 | Elevar frå kulturskulen/utescene |
Det blir i tillegg gilde leikar og aktiviteter i parken, og kafe i biblioteket.
Stor, stor takk til vår hovudsponsor Jæren Sparebank, som bidreg sterkt til realiseringa av arrangementet.
Arrangementet er heilt gratis, men det er mogleg for dei som ønsker det å bidra med pengebeløp etter eige ønske. Ønsker du å bidra med anna stort eller smått, aktivitet, støtte eller anna ta kontakt på ranglerock@ranglerock.no.
Rangling for småsporvar blir arrangert med støtte frå