Romskip nedskalert

Romfararrock med inspirasjon frå sekstitalet, syttitalet og hip hop. Romskip måtte me berre tinga.

Bergensbandet Romskip består av fem, i følge seg sjølve, astronautar, som har jamma og laga musikk saman i snaut to år. Dei har brukt tida godt, for dei har klart å spela på seg ein aldri så liten tilhengjarskare. Gjengen hentar inspirasjon frå seksti- og syttitalsrock og jamvel hip hop, men klassifiserer seg sjølve innanfor rocken.

Reint sjangermessig sprikar musikken deira sikkert i mange retningar, men det har i det store og det heile eigentleg veldig liten betydning med tanke på kor mykje energinivået i det som blir framført vil gje alle på dansegulvet lyst til å bevega på seg. Bandet opptredde nyleg på Vill Vill Vest i det forholdsvis litle og koselege, men etter kvart nokså varme lokalet til Victoria Cafe & Pub i Bergen, til stor begeistring blant Ranglerocks utsende.