Treng me seia noko om Tønes? Dette blir gildt!
Jodå, me får seia litt. Det er ein konfirmasjonsalder sidan sist Tønes stod på Ranglerock-scena. Og jammen har det skjedd ein del på dei åra. I 2009 var han eit godt kjent namn i distriktet, men nå kjem han som éin av landets mest anerkjende visesongarar.
I tillegg har han med seg Anne Lise Frøkedal, og dei to syng verkeleg fint saman. Høyr berre på hans siste album, Thilda Bøes legat. Det inneheld òg verdas beste sang om Waldorfsalat, eller om det å vera litt sær og sur.
Sist gong song han om knivseljaren Bjørnar Vigeland og Yatzy, men allereie då var det så mange gode songar at det var vanskeleg å velja. Nå er det umogleg. Han har både dei finaste songane og dei løgnaste. Dette blir gildt, ja.