Ranglerock inviterte Eie til å spela for ungdom i Møllekjellaren i helga, slik me har arrangert fleire konsertar saman med fritidsklubben tidlegare, med blant andre Kvelertak, Bo Milli og Psyko Blasfemi. Dessverre vart ikkje denne konserten gjennomført, sidan Eie ikkje fekk opptre med eit Palestinaflagg på scena.

 

Men fritidsklubben og artisten har funne ut av dette saman, feilen er beklaga og me er glade for at det er eit gjensidig ønske om å gjennomføra konserten på artisten sine premissar.

 

Ranglerock er ein dedikert musikkfestival som vel artistar som me tenker harmonerer med våre frilynte verdiar. Me tykkjer det er flott med artistar som tek opp vanskelege spørsmål. Og me ønsker ei verd der musikk vert teke på alvor. Ranglerock vil gjerne igjen vera med og arrangera når Eie kjem tilbake for å spela konserten sin, akkurat slik dei vil.