Med slagkraftige melodiar og dansbar groove lever Atari opp til adjektiva «ambisiøs, forførande og funky», som Bands of Tomorrow så treffande har brukt for å skildra bandet. Fredag 28. juni kjem kvintetten til Ranglerock!

 

Atari sitt musikalske uttrykk er ein spanande kombinasjon av leikeinheit og kompetanse, kor intrikate melodiar og sofistikerte harmoniar flyt lett. Andrea Ådland, også kjend frå bandet Finding Neo, legg til ein sterk og allsidig vokal, som gjev Atari sitt særeigne lydbilde.

 

Petter Lønningen i Bergens Tidende gav mellom anna singelen «Tunnel Vision» terningkast 5 og skreiv følgande:

 

«[…] det er da man faktisk hører hva bandet egentlig duger til. Men bassen på denne låten drepte nesten det lille anlegget! Den så jeg ikke komme, særlig med tanke på at dette er slørete indiepop.»

 

Atari begeistra publikum stort på Trondheim Calling med det rykande ferske debutalbumet «Sweet & Sour», og nå er dei klare for Ranglerock!