Det viser seg at ein festival ikkje arrangerer seg sjølv. Det er i alle fall ikkje vår erfaring etter 24 år med arrangement.

 

Når publikum kjem til Ranglerock, ser dei scene, nokre band, ein bar, bord og benker og eit par lett stressa menneske med lyslenker og strips. Det dei ikkje ser, er at det finst folk bak alt frå artistkøyring, sponsorarbeid og plakatar til dekor, frivillige, presse, backstage, sosialt innhald, transport, trivsel, nettside, logistikk og mykje meir.

 

Difor legg me no ut det som kanskje er den mest omfattande lista over festivaloppgåver me nokon gong har publisert. Sanninga er at mange i Ranglerock har fleire hattar enn dei har hovud til. Om me finn ein ny person til éi av oppgåvene på lista, blir det kanskje éin hatt mindre å bera for nokon andre. Målet vårt er eigentleg ganske beskjedent: Klarar me å finna åtte til ti nye namn som kan tenka seg å bidra litt eller mykje, så blir både kvardagen og jubileumsfestivalen i 2027 ganske mykje kjekkare. Du treng ikkje vera ekspert.

 

Du treng ikkje kunna alt. Du treng ikkje vera frå Bryne ein gong. Men om du likar musikk, kultur, fellesskap eller berre tanken på å skapa noko saman med trivelege folk, så vil me gjerne høyra frå deg. Kanskje ser du ei oppgåve på lista som passar perfekt. Kanskje kjenner du nokon som hadde vore gull. Ta kontakt. Del innlegget. Tips ein ven. 25-årsjubileum kjem ikkje av seg sjølv.

 

Sjå den (nesten) komplette lista over roller og oppgåver under.

 

Roller og ansvarsområde Ranglerock 2027:
Leiar
Nestleiar
Økonomiansvarleg
Frivilligsjef
Områdesjef
Produksjonssjef
PR/kommunikasjonsjef
SoMe-ansvarleg
Bar-/butikksjef
Backstageansvarleg
Aktivitetsansvarleg
Front- og heimesideansvarleg
Trivselssjef
Transportansvarleg
Grafisk designar
Teknisk leiar
Artistvertar
Sjåførar
Plakatsjef
Atmosfæreansvarlege
Dekor

 

Roller og ansvarsområde Rangling for småsporvar 2027:
Leiar
Programsjef
Artistansvarleg
PR-sjef
Dansesjef