Ein spør korleis det kunne skje at bandet Eie ikkje fekk ha med palestinsk flagg på scena under konserten i Møllekjellaren fritidsklubb. Det vert etterlyst og tydelege rutinar og retningslinjer frå kommunen. Men Ranglerock, som var initiativtakar, medarrangør og programansvarleg for konserten, vert ikkje nemnt.
Ranglerock er ein frivillig organisasjon der alt arbeid, bortsett frå teknisk produksjon og artistoppdrag, skjer på dugnad. Me har heilt klart vårt ansvar i det som skjedde. Den einaste informasjonen me gav fritidsklubben på førehand, var at dette var modige og meiningssterke artistar som ungdom bør få oppleva. Me skulle ha vore tydelegare.
Dersom me hadde hatt betre tid og fleire ressursar, kunne me ha informert klubben på førehand om at ein artist planla å nytta det palestinske flagget på scena. Då kunne dei ha vurdert det i tråd med eigne retningslinjer. I staden vart det oppdaga ein time før konsertstart. Då måtte leiar for fritidsklubben ta ei vanskeleg vurdering på ståande fot mellom klubbens retningslinjer om å vera ein inkluderande og trygg møteplass for alle, og retten til kunstnarisk og politisk ytring. Det enda med ei feilvurdering, men feilen er innrømt og beklaga.
Kven skal våga å vera ei plattform for modige og utfordrande uttrykk, dersom det ikkje er rom for feil?
På Ranglerock-festivalen er det vanleg at artistar uttrykker seg politisk. Både palestinske flagg og pride-flagg vaia på scena i år. Me bookar artistar som er i tråd med våre verdiar, men me har samtidig ingen garanti for at ikkje dei kan koma med ytringar som går mot det me meiner heller. Ei slik kartlegging er nok verken mogleg å gjennomføra, og det vil heller ikkje vera god ytringsfridom om artistane måtte binda seg til noko. Det er ein risiko me er villige til å ta, fordi utan den risikoen vert det lite rom for det som er spennande, modig og sant. Det fins nok av inkjeseiande musikk, tyggegummipop på fagspråket. Me vil ta sjansar, me vil verta utfordra. Den verkelege faren for ytringsfridomen er om frykta for å gjera feil fører til at ein sluttar å invitera modige røyster.
«Mot til å meina, styrke til å skapa» var Arne og Hulda Garborg sitt motto. Det stiller me oss bak, men vil gjerne legga til «og lov til å feila».
Me vil halda fram med å heia på alle som skapar rom for kunst, ytring og ungdomsengasjement, også når det krev mot, og sjølv om ein kan gjera feil. Me hyllar fritidsklubben og kommunen som vågar sleppa til friske stemmer!