Bandet brakdebuterte i 2018 med Spellemann-nominasjon for sitt sjølvtitulerte debutalbum. Oppfølgaralbumet «Er vi store nok nå?» mottok gode omtalar og blei kåra til sjette beste album frå 2021 av Gaffa.no.

 

Masåva er lette å kjenna igjen på sitt akustiske og drivande lydbilde med originale korharmoniar på norsk. Dei ettertenksame tekstane om menneske som art og individ, tilhøyrsle i eit miljø og altoppslukande kjærleik frå eit ungt sinn, har ein sentral plass i musikken og blir lyfta fram i det vekselvis drøymande og meir hardtslåande, suggurerande landskapet.

 

På oppfølgaralbumet har bandet teke nye musikalske vendingar. Ei naturleg utvikling og utviding av Masåva-universet. Med eit nikk til folkrocken har gitaren fått meir plass, så vel som synth-universet Solveig Wang har bidrege med etter ho blei fast medlem i bandet i 2022. Forvent ei nydeleg og høneskinnsfremjande musikalsk framføring av ypparste klasse når denne kvartetten står på scena på Bryne i sommar.