Me er glade for å få besøk av vår favorittklubb i Stavanger. Gorrlaus har klart kunststykket å skapa ein levande folkemusikk- og folkedansklubb på Tou scene, og nå får me ein smakebit av det på Ranglerock.

 

Du kan melda deg på dansekurs og seinare få svinga deg når desse musikarane spelar opp:

Anders Erik Røine frå Rødtvedt i Groruddalen er blant verdas beste utøvarar på munnharpe, kjend som gitarist i duoen Sudan Dudan og supergruppa Reolô med fleire. Han er også langeleikutviklar, fele- og hardingfelespelemann. Han har medverka på plater med mellom andre Odd Nordstoga, Valkyrien Allstars, Sigrid Moldestad og Ingebjørg Bratland og laga musikk til Lilyhammer med Little Steven.

 

Hans P. Kjorstad er felespelar frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Hans komponerer musikk innanfor ulike stilartar, både folkemusikk, improvisert musikk og samtidsmusikk. Han spelar på ein brei palett av ulike instrumentale teknikkar, og har også vitja Ranglerock før med prosjektet Folkevogn.

 

Gustav Ejstes, frå Skövde i Västra Götalands län, er mest kjend som vokalist, multi-instrumentalist og komponist i dei svenske rockelegendene Dungen. Men som son av ein riksspelman, svensk tittel innan folkemusikkken, er han godt kjent med folkemusikken og me er spent på kva han vil presentera for oss og om det blir på fiol eller spilåpipa.

 

Rangling for småsporvar blir arrangert i samarbeid med Nasjonalt Garborgsenter og Time bibliotek.

 

Fuglen folkedans arrangerer òg eit timelangt kurs i Suldalsspringar. Kurset blir leia av Anita Vika Langødegård. Du kan melda deg på her: ranglerock.no/billettar/