brenn. returnerer til Ranglerock som eitt av landets mest relevante og framoverlente rockeband!

 

Alt ved brenn. viser at rocken framleis kan vera uredd, fri, uhøgtideleg og fargesprakande. Bandet si unike blanding av rockens kompromisslause haldning og popen sin leikne sjarm har gjort at dei skil seg ut i musikklandskapet og trekk til seg stadig nye trufaste fans. Framtida er brennheit!

 

brenn. består av Edvard Smith og Rémy Malchère Pettersen. Duoen brakdebuterte på den norske musikkscena då dei slapp debutalbumet “Elsker” i 2019. Eit album som dei seinare vann spellemannpris for. Dei har hausta strålande kritikk for både musikken og liveshowa sine. I 2022 kom det etterlengta andrealbumet, “Vandrer på solskinn”, som bekrefta brenn. sin posisjon på den norske musikkscena. Med innfridde milepælar og rockestjernestatusen befesta seier Edvard og Rémy at dei sjølv er heilt uvanlege gutar i midten av 20-åra, med heilt håplause store problem, kjensler og tankar.

 

Den seinaste plata “Duster 75” skil seg frå det skamlause debutalbumet og den alt-mogleg-rare oppfølgjaren. Dei nye låtane ber preg av eit breitt kjensleregister, der gutane erkjenner at dei ikkje sat med alle svara som 22-åringar og at dei ikkje er så smarte som dei ein gong trudde.

«Jeg tror man blir mer nevrotisk jo eldre man blir. Det tror jeg i hvert fall vi har blitt. Ikke at man alltid går rundt og stresser, men man lærer av egne feil, og reflekterer over hva som gikk galt, hva feil man selv har gjort osv. Så blir man mer avslappet etter man har reflektert over det. Eller ikke, hvem vet?» – Rémy Malchère Pettersen

Sidan debutalbumet har brenn. turnert over heile Noreg med utselde konsertar, i tillegg til at dei har spelt på fleire av Skandinavias største festivalar som Øyafestivalen, Roskilde og Tons Of Rock. I 2022 inviterte dei til sin heilt eigen festival, brennapalooza., med fulle hus i både Oslo og Trondheim.