Amerikansk «natural-born performer» tek turen frå Firenze for å spela på Ranglerock!

 

Mattiel er ein låtskrivar og musikar med tre kritikarroste album og eit fjerde på veg. Ho syner eit imponerande spenn i låtskrivinga si, frå soulpop i Amy Winehouse sin tradisjon til garage-rock og country. 

 

Mattiel sin aller første arenaturné i USA var som oppvarming for Jack White, som opphavleg oppmuntra ho til å satse på ein karriere innan musikk. Ho har seinare òg vore med Tame Impala på turné.

 

NPR skildrar Mattiel som ein “natural-born performer”, og Rolling Stone samanliknar hennar “nydelege, lengtande, fullstemte altstemme” med Nico. Mattiel bur for tida i Firenze i Italia, der ho skriv på sitt komande fjerde album.