Garantert skandale med Det Skandaløse Orkester!

 

Det Skandaløse Orkester er eit kultband frå Bergen som ikkje liknar på noko anna i norsk musikkhistorie. Dei har blitt omtala som det mest fascinerande, kompetente, løgnaste og tightaste bandet i Bergen, og blir samanlikna med artistar som Tom Waits, Frank Zappa og Gartnerlosjen. Sjangarmessig går det i berg og dalbane frå rock, pop, prog og jazz via punk, folk, ompa og polka. Live byr dei på vill og hensynslaus energi, vakre melodiar, komplekse arrangement, dårleg humor og upassande dansing. 

 

Nokre av låtane er instrumentale, medan andre har tekstar som ofte tek for seg konflikten mellom dei utstøytte og dei normale i samfunnet. Sommaren 2019 gjorde dei ei legendarisk feit framføring under sin første konsert utanlands på “Zappanale Festival” i Tyskland. Noko som resulterte i konsertfilmen «Legends of Europe». I 2021 feira Det Skandaløse Orkester ti år med ein jubileumskonsert på Kvarteret i Bergen, som blei belønna med 6 av 6 hjarte i Bergens Tidende.

 

Bandet har gjeve ut albuma «No har de laget skandale igjen!» (2014) og «Tenk om noen ser deg» (2018). Sistnemnde blei kåra til årets album av Prognytt.no.

 

“Det er ingen tvil om Det Skandaløse Orkester er et av bergens mest kompetente band og at de behersker formelen sin til fulle! 6/6″ (Petter Lønningen, Bergens Tidende)

 

“…is a band that are not only truly progressive, but more important than that are simply brilliantly entertaining. (9/10)” (Andy Wors, Nordic music reviews)

 

“Subtil, hysterisk komikk på detaljnivået (…) Faktisk burde nokon gi dei ein pris fort som råd” (Rasmus Hungnes, Dag og Tid)