Det vestnorske unikumet Oddny kjem til Ranglerock!

 

Oddny kombinerer det vestlandske underfundige med element frå viser, rock og honningsøt pop. Dei syng, på sin karakteristiske dialekt, om dei evige tema – på ein måte som mange kjenner seg igjen i. Bandet er eit vestnorsk unikum som me tenker har potensiale for å nå langt.

 

Gutane har hovudkvarter i «Gamlehuset på Håjen» i bygda Bremanger, der dei i periodar bur, musiserer, skriv og spelar inn. Oddny markerte seg i 2023 med låta «Oktober, Bergen by» som i heile 20 veker var A-lista på P1 nasjonalt. I 2024 vann dei Luttprisen i kategorien “Årets nykommar”. 
Oddny er i framovergir, har planen klar og ny musikk er rett rundt hjørnet!