Det svenske kultbandet Franska Trion er klare for Ranglerock!

 

Franska Trion er kjent som eit forrykande liveband, med intensitet og nerve som få. Bandet frå Gøteborg blei danna i 2002, og har, gjennom stadig livespeling og ni album på repertoaret, bygd seg ein solid kultstatus.

 

Musikken deira er eit kapittel for seg sjølv. Er det rock, jazz, vise, blues? Kanskje litt av alt, men blandingsforholda er det berre trioen som kjenner. Songane blir skrivne og sungne av pianisten Matti Ollikainen, som har eit tydeleg finsk humør og ei røyst som er, om ikkje direkte vakker, veldig uttrykksfull. I 2024 kom albumet «Nya Kulor» og Ollikainens roman «Silverkulor i svart natt».