Tolvte og siste artist til kveldsprogrammet: Velkomen, eie! Og gratulerer med flunkande nytt album!
Tittlelen på debutalbumet er ein munnfull: My Tongue Is Stuck to the Roof of My Mouth And That Is All I Can Think About, og blir gjeve ut på Apollon Records.
Eie kallar uttrykket sitt gotisk grunge og vil tøya grensene for korleis musikk kan sjå og høyrast ut. Kva skjer når ein kombinerer støyimprovisasjon med slampoesi? Elektriske gitarar med autoharpe og theremin? Gjer deg klar for ein konsert full av musikalske og lyriske kontrastar, eit konfronterande clusterfuck/gjørmeslagsmål der destruktive relasjonar og ukritisk idealisering av autoritetar blir slengt veggimellom!