Lokale Per Haarr redebuterer på Ranglerock, denne gong som soloartist.

 

Per Haarr debuterte på ranglescena som ein boogierockande 17-åring. Nå tolv år seinare vender han tilbake med eit meir ope og utforskande uttrykk. I senter ei varm røyst og sterke tekstar. Ein tanke americana, ei aning Nick Drake, men framleis rockaren som kan dra gitarsoloane ut i Neil Young-proporsjonar saman med ringrevane i bandet sitt: Lasse Fuglestad på gitarar, Christer Espevik på bass og kor og Arne Andersen på trommer og perkusjon. Albumet Days in Vain frå 2024 er ei smakfull, dempa affære, og så legg dei til ein ny dimensjon med kraftfulle liveversjonar.