Yndling kombinerer draumeaktig shoegaze, triphop-impulsar og melankolsk indie i eit uttrykk som hentar inspirasjon frå fortida, men med ei ny retning som peikar framover for sjangeren. Med distinkt vokal og atmosfæriske produksjonar har Yndling raskt vorte trekt fram som ei av dei mest lovande nye stemmane innan europeisk draumepop i 2025.

 

Musikaren og produsenten Silje Espevik har saman med bandet skapt eit særegent musikalsk univers som gjer seg internasjonalt bemerka. Albumet Time Time Time (I’m in the Palm of Your Hand) er prosjektets andre fullengdar og markerer eit tydeleg kunstnarisk og kommersielt gjennombrot. Me ser fram til å drøyma oss vekk med Yndling til sommaren!