Dei legendariske doomrockarane Witchcraft er tilbake for fullt og kjem til Ranglerock!
I fjor sleppte Ørebro-bandet sitt siste album, Idag, og det er Witchcraft i sin mest trollbindande form: blytungt samtidig som det er melodisk, melankolsk, rått og hypnotisk.
Witchcraft vart grunnlagt av songaren og gitaristen Magnus Pelander og er eitt av dei mest framståande banda innan den svenske hårdrocken etter tusenårsskiftet. Sidan den sjølvtitulerte debuten frå 2004 har bandet levert si lett gjenkjennelege blanding av klassisk hardrock og doom metal, og har slik sementert posisjonen sin som ei av dei mest særprega gruppene i sjangeren. Opplev Witchcraft live på Ranglerock fredag 26. juni.