Det er ei ære å kunngjera at Valkyrien Allstars vil stå på Ranglescena i sommar!

 

Med årets ferske  album: «Venter på noen, som venter på noen» foredlar dei det musikalske uttrykket dei har utvikla gjennom snart to tiår – der folkemusikk, rock, pop og visesong smeltar saman i ei høgare eining. Det er musikk som ikkje liknar på noko anna, men som likevel kjennest kjent. 

 

Sidan debuten i 2007 har Valkyrien Allstars vore ei drivkraft i revitaliseringa av folkemusikken, og albumet «Slutte og byne» frå 2020 er blant dei sterkaste utgjevingane i norsk musikk, uansett sjanger. Bandet består av Tuva Syvertsen, Magnus Larsen Jr, Erik Sollid og Martin Langlie, som saman lagar og arrangerer songane. På scena møter ein ei blanding av kraft, nærleik og uventa vendingar, alt borne fram av eit samspel som ikkje let seg etterlikna. Det er berre å setta på plata og setta av dagen!