Det er ein konfirmasjonsalder sidan sist Tønes stod på Ranglerock-scena. Og jammen har det skjedd ein del på dei åra. I 2009 var han eit godt kjent namn i distriktet, men nå kjem han som éin av landets mest anerkjende visesongarar.
Til Rangling for småsporvar har han med seg Anne Lise Frøkedal, og dei to syng verkeleg fint saman. Høyr berre på hans siste album, Thilda Bøes legat. Det inneheld òg verdas beste sang om Waldorfsalat, eller om det å vera litt sær og sur.
Dette blir gildt!