The Clumps, har kjapt blitt ein kraftpakke å rekna med på den norske rockescena, og har allereie turnert dei største festivalane. Med si unike blanding av alternativ rock, grunge og shoegaze har dei skapt eit lydbilde som både er rått og forfriskande. Live er bandet ein eksplosjon av energi, perfekt for sveitte klubbscener og seine netter. Albumet deira, CITIZENS, har ein herlig eim av 90-tallet og samtidig songar som verkeleg festar seg.
Gjengen frå Jæren bur nå i Bergen. Ikkje løye dei lagar ein song om at dei “har så grævla lyst på farse”. Vel, då er dei komne til rett festival!