Songar og tradisjonsformidlar Elias Akselsen lærte seg sitt fag på den tradisjonelle måten, samla rundt bålet med si taterslekt i barndomen. Som tenåring og ung mann levde han som omstreifande musikar i Sverige, der han blant andre song med Cornelis Vreeswijk.

 

Etter det han skildrar som ei guddommeleg openberring på julaftan 1980, vende han heim til Noreg. Han har sidan blitt predikant og ein viktig talsmann for taterane i Noreg, både når det kjem til formidling av deira spesielle songtradisjon og historia som utsett minoritet. Akselsen gjeve ut ei rekke album sidan år 2000. Det siste, «Horta», i samarbeid med multi-instrumentalistane Stian Carstensen og Ola Kvernberg.

  

Du vil få høyra songar som strekk seg frå 1950-talet og tilbake til middelalderen, framført av éin av Noregs mest særeigne stemmer.