Evig Ferie er eit band som spelar bølgebasert musikk som flyt på følelsar. Ferien har spelt saman sidan våren 2020. Bandet har på den korte tida rokke å utmerka seg i enkelte nisjemiljø og musikken er å finna i fleire surf-, snow- og skatefilmer. I kva grad dei spelar rock, indie- eller skranglepop er vanskeleg å seia, men det er utvilsamt musikk som passar enormt godt til rangling!

 

Evig Ferie slapp sitt debutalbum “Seint Ute” i 2022. Det eigenproduserte albumet gjev eit godt bilde av bandet sin musikk og inneheld alt frå sommarslege og avslappa låtar til surfrock. Oppfølgaralbumet “Et Merkelig Liv” frå mai 2023 inneheld dei fem singlane ferien slapp same år. Mottakinga av desse singlane har bekrefta Evig Ferie sitt særeigne lydbilde. Bandet posisjonerer seg med det som eitt av Noregs mest spanande band i sin sjangar. Evig Ferie elskar å spela live, og har mellom anna vore med brenn. på deira BRENNAPALOOZA og hatt legendariske konsertar på Boretunet Surf Fest.