Bård Berg er ein Oslo-basert produsent og artist som er på full fart til å etablera seg som eit heitt namn både som produsent, trommis, DJ og artist på den elektroniske scena i Noreg. Med sitt innovative uttrykk, der han blandar house og hiphop-inspirerte beats med sin jazz-skulerte bakgrunn, er Bård Berg Oslo sitt svar på ei moderne bølge av house-artistar som blandar flytande, glatte beats med eit skarpt pop-instinkt.

 

Dei siste åra har han brukt mykje tid i studioet på Carl Berners plass i Oslo på soloprosjektet og konseptet «Oslo Beats», der han har samla ei rekke av den nye generasjonen av musikarar, artistar og vokalistar i Oslo. Albumet «Oslo Beats» og «Oslo Beats vol. II» har hausta mange lovord frå bransje og musikkmelderar. Andrealbumet blei kåra av GAFFA til topp 10 album i 2021.

 

Hans tredje og førebels siste plate, «Oslo Beats Vol.III», blei gjeve ut på GEMS og Warner Music Norway. På albumet har Bård med seg ei rekke spanande collabs med artistar og vokalistar, som mellom andre Solå, Thea Wang, Neon Ion, Vuyo, August Kann og Eirik Aas. Singlane “To B” med Solå og “Alone Is Almost Better” med August Kann har begge blitt lista på nasjonal radio (NRK P3), og førstnemnde har fått syncplassering i Netflix-filmen «Royalteen». 

 

Bård Berg fortel sjølv om tredjealbumet:

 

«Plata er siste del av en trilogi, som har som mål å oppsummere/beskrive Oslo’s vibe og mangfold gjennom elektroniske elementer og danserytmer. Albumet er fullpakket av gode musikere og features med vokalister og artister, og er et resultat av utallige timer og utallige sessions i studioet på Carl Berner.»