The Doomsday Party har rokke å gjera mykje i sitt første år som band. Etter at bandet si første plate WE, THEIR GHOSTS dukka opp ut av ingenting i januar 2022, fylgde bandet effektivt opp med ytterlegare to EP-ar i form av CHOCOLATE FOR THE WITCHES og THE EARTH IS FLAT, ROCK IS DEAD & BOB’S YER UNCLE dei neste to månadane. Bandet sin andre fullengdar LOVE ME DOOM kom ut i mars i år.

 

The Doomsday Party sin debutkonsert blei utseld på førehand og førte til at bandet usett blei booka til Mablisfestivalen. Hausten 2022 blei bandet plukka opp av Terje Winterstø og teke med som support på Skambankt sin eigen avskjedsturné. Knapt eit halvår etter sin første konsert la Stavanger sine nye rockeyndlingar eit utseld DNB Arena for sine føter som oppvarming for Skambankt på deira Grand Finale. Med si særeigne og leikne formidlingsevne vik ikkje The Doomsday Party for noko eller nokon på si ferd mot å underhalde i rockens teikn. Som journalist Leif Tore lindø i Stavanger Aftenblad skriv om bandet:

 

«…En miks av litt Bowie, litt 60–70-tallsrock, Motorpsycho, litt Zappa og en rekke indieband som liker kombinasjonen av en enkel oppskrift med en god del malurt i begeret. Festen er full av gitar-licks, av små drypp med boogie-piano, riff, store lydbilder.» i hans anmeldelse av LOVE ME DOOM konkluderte samme meldar med at bevares, dette bandet har eit eller anna som gjer dei til noko spesielt.»

 

Har du ikkje fått auga og øyrene opp for det elleville sjumannsorkesteret, er det på høg tid nå.