Årabrot er for mørkt for black metal og for eksperimentelt for punk, men har laga sin eigen grapserock sidan tidleg på 2000-talet. Med ein straum av album, som spenner frå rockebandet som fekk Spellemannpris for beste metal album i 2012, til kunstrocken med stumfilmmusikk og støyorgiar, er bandet alltid i utvikling. Nå er bandet ekteparet Kjetil Nernes og Karin Park. Dei bur djupt inni dei svenske skogar, med sine to born, i ei kyrkje som dei eig. Rock’n roll er deira religion.