Det var Ola Kvernberg sitt møte med klubbmusikken som skulle tenna gnisten for å starta toget Steamdome i 2017, og eitt av dei mest oppsiktsvekkande kommersielle gjennombrota for ein norsk jazzmusikar var eit faktum. Steamdome er eit mannsterkt orkester, og tilpassa den litt trongare Ranglerockscena får me berre den harde kjernen av bandet: STEAMBOX, bestående av medprodusent og trommis Erik Nylander (Monoswezi, Lilja), bassist Nikolai Hængsle (BigBang, Elephant9) og organist Daniel Buner Formo (Trondheim Jazzorkester.)

 

Kvartetten gjev publikum moglegheita til å koma tettare på musikken frå albuma som blir framført i ny drakt, ispedd eit og anna nikk i retning nye låtar og nytt materiale. STEAMBOX er den energiske, illsinte og kreative litlebroren som nektar å stå stille.