Sofie Tollefsbøl har peika seg ut som ein av dei viktigaste representantane for nordisk soul, funk og alternativ R&B, primært som vokalist i bandet Fieh. Men no startar ho eit nytt kapittel med soloprosjektet Sofi O.
Sofi O kombinerer fengande, til tider sære melodiar, harmoniar og utradisjonelle R&B-lydlandskap med Sofie si stemme – skildra som «hes og lunefull – ein gigantisk personlegdom fanga av mikrofonen».
Det første soloalbumet hennar, Radio Sofi O, vart sloppe i november 2025 til strålande kritikkar. Gaffa omtala albumet som «ei gjennomgåande rå, leiken, uanstrengt dansbar musikkoppleving» «skapt og spelt av nokre av landets mest kompetente og grensesprengande musikarar». Radio Sofi O er eit særs fengande og kreativt heksebrygg, med dei underlege ingrediensane 60-talet, Toten, hiphop og soul.