Sliteneliten er ein norsk folkpunk-sekstett som har sett seg føre å dra land og strand rundt for å forkynna den venstreradikale bodskapen med politiske tekstar kledd opp i alle slags sjangrar. Noregs stolte protestvise-arv frå 70-åra er der, men det er òg i bøtter og spann av indierock, punk, djevelske folketonar og djangoske gitarvendingar.

 

Verken marknadskreftene eller kulturelle viktigperar bad om at seks frittalande kvinner skulle plukka opp instrument, nokre av dei for første gong, og starte noko som best kan skildrast som ein halvdel band og ein halvdel politisk prosjekt. Dei same kreftene kunne nok heller ikkje sjå føre seg at Sliteneliten seks år seinare, med sine politiske tekstar pynta med tverrfløyte og fele på toppen, har spelt eit lass konsertar på alt frå Roskilde til protestleirar for Førdefjorden og Repparfjorden, undergrunnsfestivalar som Eat the Rich, Urkult i Sverige og Oslo Pride.

 

Vinden i segla til Sliteneliten er sans for rettferd og ein ustoppelig driv. I eit Noreg der velferdsstaten forvitrar, stadig spissare olbogar er det som gjeld, og dugnad er bytta ut med sjølvrealisering og eiga vinning, treng ein nokon som gjer ting annleis. Dei er ein DIY 6-personsarmé, og alt frå booking, reiseorganisering, nettside til økonomi blir tatt hand om av bandet sjølv. Eit anna viktig prinsipp for Sliteneliten er at alt rundt musikken berre skal involvere kvinner, så teknikar, miks, master og cover er alt gjort av andre kvinner. Bandet opererer òg med det kommunistiske slagordet “yt etter evne, få etter behov” i prissettinga si, og brukar større honorar frå profesjonelle konsertscener og festivalar til å spela for småpengar, eller til og med betala av eiga lomme, for ungdomar og politiske aktivistar der dei er ønska.

 

Sliteneliten sine låtar er fylt til randen med godt humør, glimt i auga, varme og humor, utan at det går utover den sterke politiske bodskapen. Bandet er først og fremst ein gjeng vener og aktivistar som kosar seg med å reisa rundt og spela konsertar og laga musikk om ting dei bryr seg om. Dei sakna eit band som ville noko, og i punkens (og eigentleg visesongens!) ånd laga dei sjølv det bandet dei sakna. Av inspirasjonskjelder kan The Raincoats, Violent Femmes, dei norske viselegendene i Amtmandens Døtre og kult-punkbandet Kjøtt nemnast, men ver du sikker: Sliteneliten heng ikkje igjen i fortida. Dette er lyden av unge vaksne anno 2025 som har blitt servert ei øydelagd verd saman med ei melding om at ingenting kan nokon gong forandra seg. Dette nektar Sliteneliten å akseptera. Med maksimalisme og sceneshow, håp, varme og glede vil dei vise at ei anna verd er mogleg.


Sliteneliten består av Synneva Gjelland (vokal, gitar, langeleik, piano), Ylva Gulpinar (gitar), Inga Haugdahl Solberg (fele), Maria Refsland (bass), Silje Strøm (tverrfløyte) og Thea Marie Kvam (trommer).