Gjer deg klar for ei natt med feite låtar, steinharde slåttar og ærlege tekstar! Vokalist Vera Sonne lenar seg mot alt frå kveding til rap – med andre ord det som til ei kvar tid fangar folkemusikkens dansande driv.
Pumpegris hentar inspirasjon frå funk, shoegaze, visepop og hiphop, og tek fatt på samtlege tradisjonar med god pondus. Slik tek dei folkemusikken med inn i noko nært, skittent og groovy.
Fritids er debutalbumet til Pumpegris, produsert av Tuva Syvertsen. Den norske kulturarva møter dagens ungdom, slåttar møter rap, fuzzgitar møter salmetonar. Kontrasten mellom det sårbare og humoristiske går gjennom både musikk og tekstar.
Pumpegris er her for å spreia norsk folkemusikk med fest og faenskap – akkurat slik han oppstod! 🔥