Orions Belte har vore ein stødig leverandør av groovy, catchy og drøymande instrumental-pop sidan dei debuterte i 2018 med albumet Mint. Women frå 2023 er deira tredje studioalbum, men dei produktive karane har i tillegg gjeve ut to live-album med tilhøyrande filmar, tre EP-ar og eit giga-prosjekt der kvart av medlemane gav ut kvart sitt soloalbum under Orions Belte-paraplyen.
Dei tre musikarane sit sjeldan stille, og når inspirasjonen kan koma i frå “nigeriansk rock fra 70-tallet, postkort fra den franske rivieraen, formel 1-løp på Monza-banen i Italia, og da Joe Frazier slo Muhammad Ali i 1971» er det ikkje løye det blir mykje og variert musikk frå gjengen. Det er nok også derfor etterspurnaden etter musikken deira er så stor. Til våren skal dei ut på sin andre omfattande USA-turné, eit land der musikken deira verkeleg har fått fotfeste.
Gruppa består av tre ringrevar, som til saman har spelt med ei rekke norske band og artistar: Gitarist Øyvind Blomstrøm (Odd Nordstoga, Monica Heldal m.m.), bassist Chris Holm (Young Dreams, Sondre Lerche m.m.) og trommeslagar Kim Åge Furuhaug (Great News, Lars Vaular og Electric Eye m.m.).