Motorpsycho har i løpet av si 35 år lange karriere ikkje berre laga store, krevjande dobbeltalbum, slik mange trur. Dei har fleire gonger hatt pop- og rockhits både på VG-lista her heime og på hitlister ute i verda.
Sjangarmessig har dei verkeleg teke for seg og nekta seg lite og ingenting. Bandet har vore innom alt frå pop til psykedelia, progrock, heavy metal, frijazz og eit countryalbum som var soundtrack til ein ikkje-eksisterande westernfilm. Dei har aldri lagt skjul på at deira eiga musikkinteresse famnar breitt, og dei sluttar aldri å overraska.
I februar kjem dei med nytt album, og i sommar vil du få oppleva nyare materiale i skjøn foreining med nostalgiske perler. Truleg får du brøla med på par skikkelege allsongrefreng òg. For når Motorpsycho byr på, gjev dei seg ikkje før augekroken er fuktig, før ølet smakar perfekt, før sveitten piplar og før den beste norske rocken nokonsinne laga er spelt ferdig.