MÍO si musikalske verd og deira liveopptredenar kan kallast eit «fenomen», og har på kort tid sett gruppa på kartet som eit av Noregs mest spanande band. Med eit forrykande show og ein rå frontfigur med enorm stemmeprakt og unik formidlingsevne, har folkrockbandet imponert på scener og festivalar over heile landet.
Fleire før dei har blanda folkemusikk og rock, men MÍO klarer å lage sin eigen vri på folkrocken – som dei sjølv likar å kalle «Folk ‘n’ Roll». MÍO hentar rik inspirasjon frå både norsk rock, punk og folkemusikk. Fuzza felespel blir slått saman med eit stort arsenal av folkeinstrument, jazzinspirert rytmeseksjon, energisk bass og ekspressiv gitar.
Det Oslo-baserte bandet albumdebuterte med “Ingen tid å miste” sommaren 2023, til stor hyllest og positive omtalar. Musikken blei mellom anna omtala som: “rastløs folkrock fra og for en kaotisk verden, med virtuose detaljer og en innfallsvinkel til råskapen i det musikalske forelegget som sprenger alle rammer!” av Dagsavisen.
Våren 2025 slepp dei den etterlengta andreplata «Hva nå?» på By Norse Music. Der tek MÍO musikken i ei mørkare, dystrare og hardare retning enn tidlegare – prega av ei usikker, tung og vanskeleg samtid. Fenomenet MÍO må opplevast live – bli med på eventyret!
MÍO er Dionisia Fjelldalen (vokal), Maja Hveding Styffe (fele og hardingfele), Hennie Hagen Johnsen (trekkspel, nøkkelharpe, fløyte, keys mm.), Jakob Nome (gitar), Marianne Friisberg Larssen (bass) og Eilif Hallingstad Finnseth (trommer og perkusjon).