Gjer deg klar for ein konsert der hardingfela får skit på bogen og rocken luktar einer og lyng.
Mikkel Rev leverer folkrock med beina planta i tradisjonen – og hovudet godt inni 70-talets psykedelia. Her blir gamle hardingfeleslåttar kledde i elektrisk drakt, med gitar, bass, slagverk og tarmstrenger møter forsterkar. Song dukkar Òg opp når det passar seg, midt mellom riff og raff.
Bandet består av Magnus Øydvin på hardingfele og vokal, Hans Mikkel Melhus på gitar, Mats Nystam på bass og Ola Even Hogstad på slagverk – eit lystig og energisk lag som pakkar tradisjonsstoffet inn i eit vilt og drivande arrangement.
I mai 2025 gav Mikkel Rev ut plata Ingen ro på Ta:lik, til strålande omtalar. Kritikar Jan Granlie (Salt Peanuts) skreiv at bandet «rockar ved ideaalane» og peikar på Mikkel Rev som eit av dei mest spanande nye banda i den moderne, rocka folkemusikken.
Frå huskonsertar og småfestivalar har Mikkel Rev luska seg ut i verda, med spelejobbar på mellom anna Riksscenen, Parkteatret og festivalar rundt om i landet. Musikken deira er røff, dansbar, leikande og litt farleg – akkurat som reven.
Dette er garasjefolk på sitt beste. Kom og dans!