Energisk og spirituell jazz! Marthe Lea Band er ei kjærleikserklæring til livet. Tydeleg inspirert av folkemusikk frå fjern og nær kan ein høyra musikarane sine bakgrunnar og interesser forplanta seg i sjelfulle vibrasjonar.
Dette er musikk for feiring der musikken er ein organisk mikstur av nynnbare melodiar, gyngande groover og spontane utbrot. Marthe Lea balanserar sitt inderlege og kraftfulle uttrykk, som har i seg både folketonar og hyling, på ein befriande måte.
Typisk for denne opne tilnærminga er at ho opptrer med ei lang rekke instrument. Piano, gitar og fløytespelet hennar fell seg like naturleg som det ho spelar på hovudinstrumentet, tenorsaksofon.
Og i bandet sitt har ho kjerna i Motvind records og fleire av dei spenstigaste og mest frittenkande improvisatørane frå sin generasjon. Dette blir vakkert i Sporvatunet, parken ved Time bibliotek/Nasjonalt Garborgsenter.
«Lykkefrembringende naturpsykedelia fra den glimrende jazzsaksofonisten Marthe Lea»
Dagens Næringsliv«Herlighetens vei: En plate full av strålende glede.”
Morgenbladet“Lea har skapt livsbejaende og original musikk i ymse grenseland som impro, folkemusikk fra en rekke kulturer og jazz.”
6/6 Nettavisen
Besetning:
Marthe Lea – tenorsaksofon, fløyte, piano, gitar, stemme, udungu, perkusjon
Andreas Hoem Røysum – klarinett, bassklarinett, stemme, perkusjon
Hans P. Kjorstad – fele, fløyte, stemme, perkusjon
Egil Kalman – kontrabass, modulær synthesizer, stemme
Hans Hulbækmo – trommer, perkusjon, stemme