Etter eit par slepp med ganske kjende artistar og masse likes er det på tide å venda tilbake til Ranglerock sitt hovudoppdrag: Å spreia ordet om fantastiske, men litt mindre kjende artistar. I dette tilfellet dreier det seg om britiske Lavinia Blackwall & Stilton.

 

Denne bookinga kan kallast artistkuratert, av sjølvaste Svenssen: Ein sein kveld i Liverpool, i mai 2022, sat Svenssen og hadde eit par pints etter endt konsert (sniiikskryt!), då samtalen brått stilna hen og all merksemd retta seg mot scena. Berre lyden av bandet var nok til å vekka interessa, men det som gjorde at heile rommet stoppa opp var den klokkeklare englerøysta som virvla rundt oppe i eit register du sjeldan høyrer på pub. “She really can sing”, utbraut Otto. “Different class”, konstaterte Ådne, medan Ingve sat i transe og Ove sette frå seg både pinten og rødvinsglaset. “Such pure voice”, kviskra han, som om han nesten ikkje trudde det han høyrde.

 

Lavinia Blackwall & Stilton var bandet, og sidan den kvelden har Svenssen lobbyert aktivt for å få bandet til Ranglerock. Folk-pop-rock med snert i, men du må høyra det sjølv. Slå opp Lavinia Blackwall der du høyrer musikk eller følg lenker i kommentarfeltet.

 

Bandnamnet Stilton spelar kanskje på at dei har nokre år på nakken. Resultatet er eit modent, kraftfullt og raffinert uttrykk, men likevel langt meir tilgjengeleg enn blåmuggosten dei er kalla opp etter. Vokalist Lavinia Blackwall hadde eit globalt gjennombrot med det psykedeliske folk-rockbandet Trembling Bells. Nå har ho dyrka fram ein ny blom i same landskap, men med eit stramare og meir melodiøst uttrykk.