Etter å ha turnert med Skambankt og spelt i dei fleste store byar i Noreg er Kåte Klør endeleg klare for Ranglerock 2024!

 

Kåte Klør frå Stavanger spelar frisk og energisk garage-rock på dialekt. Med albuma «Pessimistopia» og «Kunsten Å Kriga» er bandet klart til å pusta friskt liv i norsk rock.

 

Forvent eit heseblesande rockeshow med fuzz, sveitte og eit sinnsjukt leven på scena. Kåte Klør sin energi er høgst smittsam!