Isbit er eit nytt ungt band, som har markert seg gjennom Urørt i P3. Bandet blandar jazz, funk og pop til eit friskt utrykk, som både er leikent og organisk. Dei skriv låtar i felleskap med sterke melodiar og godt groove i botn, som høyrest ut som hitlåtar ved fyrste lytting.
Dei norske tekstane, den kule beaten og ein teft som tilhøyrer langt meir etablerte band gjorde at me fatta interesse for bandet. Og då det synte seg at dei ferierer på Undheim var valet lett. Me måtte invitera dei til Ranglerock.
Isbit har sloppe tre singlar i 2025, og det er liten tvil om at dei er på veg opp og fram. Bandet består av:
Ellida Hol Meling – vokal
Herman Liene – trompet
Nathaniel Strømsvold – piano/synth
Hector Hammer – gitar
Sondre Scheffler – bass
Sofus Gauksås – trommer