Åjaaa! Fredagskvelden endar i himmelen! Det legendariske kultbandet Fjorden Baby! er tilbake! Etter fire kritikerroste album, elska hits som “Karoline” og “Himmelen” og utstrekt turnering i heile landet, har Loddefjord-bandet etablert seg nasjonalt og oppnådd solid legendestatus som leverandørar av fargerik musikk og urban subkultur.

 

Det er lettvint å trekka fram albumet “Fjordkloden”, kåra til årets plate av ei samla norsk musikkpresse i 2013, men alle albuma deira har blitt hylla av meldarane. Frå deira sjølvtitulerte album på Mikal Telles sin Opplett-label i 2009, “Se Deg Rundt I Rommet” frå 2011 til “Fjordkloden” og sist “Oh Yeah” i 2015. Dei har samarbeida med likesinna bergensarar som John Olav Nilsen, som gjesta radiohiten “Igjen Og Igjen”, og Lars Vaular, som leverte sitt gjestevers på klassikaren “11. etasje”.

 

Spesielt kjent for sine vanvitige konsertar har bandet spelt land og strand gjennom to årrekker, og gjesta fleire av dei største festivalane Noreg kan by på. Fjorden Baby! blei òg kåra til Årets Liveband av Bergens Tidende i 2013.

 

Ti år seinare returnerte Fjorden Baby! med ein etterlengta og utseld noregsturné og til sommaren skal dei spela på Noregs største festivalar, inkludert ein etterlengta retur til Ranglerock. Og til våren kjem det jammen ny musikk i tillegg!

 

Funkar bandet live i vaksen alder då? Vel, sjekk her for å høyra NRK P13 sin kanalsjef, Kristin Winsents, kåra Fjorden Baby! sin konsert på Blå i Oslo i september 2023 til Årets Beste Konsert i radioprogrammet Stjernepose. Ranglerockpublikumet har gode minner frå konsertane deira i 2009 og 2014, fy så me gler oss!