Sidan debuten i 1999 har dei svenske psych-pionerane Dungen vore ein av Sveriges leiande leverandørar av høgkvalitets, tankevekkande musikk som fritt hoppar mellom sjangrar som prog, pop, psych, folk og nå også jungle. Og trass i at tekstane blir sungne på svensk, har bandet lenge vore eit internasjonalt fenomen med ein trufast fanskare inkludert storleikar som Jack White i USA og Tame Impala i Australia.

 

Bandet sitt siste album heiter “En Är För Mycket Och Tusen Aldrig Nog”, nummer ni i rekka. Albumet er gruppa sin første fullengdar sidan 2015-albumet “Allas Sak” og tek deira banebrytande psykedelia til nye høgder. Denne gongen hovudsakleg ved å inkorporera fleire elektroniske element og turntablisme i ein allereie rik musikalsk palett.

 

Og dei kan sparka frå seg live, me let Uncuts melding frå fjorårets utgåve av den britiske festivalen End of the Road avslutta: ”By every available metric – quality of guitar tone, length of flute solo, thickness of cardigan – they are the greatest band at this festival.”