Dag Vagle er éin av dei mest gåverike og underkjente artistane me har i dette landet. Han er nok mest kjend som frontfigur i banda Helldorado og Flying Shoes, men er òg ein svært ettertrakta studio- og sessionmusikar.

 

Likevel er det solo og åleine på scena at han verkeleg kjem til sin rett. Hans eige låtmateriale er skyhøgt, og han er éin av få i verda som klarar å tolka Roy

Orbison, Townes Van Zandt og Tim Buckley på eit så anstendig vis at ein for ei stund gløymer av å tenka på originalane.

 

Publikum kan venta seg høneskinnskonsert fredag kveld. Det blir sterke låtar, både eigenkomponerte og kanskje nokre av sjølvaste Roy Orbison!