Éin av fjorårets store musikksnakkisar, låtskrivaren, songaren og gitaristen Bo Milli frå Karmøy, også kjend som Emilie Østebø, skriv ærlege songar om kampane til ein heil generasjon, har talent for å gjera sjølvkritikk om til kunst og får kompliserte emne til å høyrast ut som lydsporet til din neste favorittkomediefilm.

 

Bo Milli har signert kontrakt med Made Management (som òg samarbeider med mellom andre Sigrid og Aurora), og fleire av låtane hennar har blitt lista av både P13 og P3. Ho har vore på framsida av Musikkmagasinet i Klassekampen og blitt omtala i anerkjende publikasjonar som CLASH Magazine, The Line Of Best Fit, The Rodeo, Whynow, La Blogotheque, Dork Magazine, When The Horn Blows og God Is In The TV.

 

Ho blei òg framheva som éin av dei mest framifrå artistane under by:Larm i 2022 og var éin av dei første artistane som blei annonsert til fjorårets Øya.