Med si gjenkjennelege nerve har Silje Halstensen, kjend som Bendik, etablert seg som ei særmerkt og kompromisslaus stemme i norsk musikk.
Sidan debuten i 2012 har ho med sine inderlege, utilgjorte tekstar og eit uttrykk i stadig utvikling, bevega seg sømlaust mellom indierock og synthpop. Musikken har fenga publikum på festivalar som Roskilde, Øyafestivalen og ikkje minst gjorde ho ein legendarisk konsert på Ranglerock i 2015 i Vaaland lokalet, og «perfekt» – songaren har gjort låtane sine til ein stad for både hjartesorg og håp.
I 2025 gav ho ut EP-en «Hold Ut» – eit nært og popdrive prosjekt, før ho no rettar blikket mot noko meir banddrive. Vegen fører fram til albumet «Hysj» som blei sloppe 16. januar 2026, der kontrastar og store kjensler igjen står i sentrum.