Sekstetten Agabas byr på blytunge riff, ekstremmetall og jazz i styggaste harmoni. Ein herleg musikalsk kombinasjon som bandet sjølv kallar dødsjazz.
Den brølande saksofonen improviserer over landskap av blast beats og chugging like uanstrengt som han legg seg unisont med groovy gitarriff. Live er det like sprøtt som du skulle tru. Sjekk ut!