Fest eller flinkis, klubb eller kyrkje, håvamål eller autotune, alternativ pop eller tilgjengeleg jazz? Med Andreas Rotevatn får ein litt av alt, både i pose og sekk. Han er ein av våre mest originale og allsidige musikarar. Ikkje berre skriv han gode tekstar, men han er også komponist, vokalist og trombonist!

 

På Ranglerock får de høyra musikk som er energisk, suggererande og dansbar, spelt av dei fremste live-musikarane i landet. Rotevatn syng sjølv, men brukar òg mange gjestevokalistar. Han har samarbeidd med Sofie Tollefsbøl og Tuva Syvertsen, og elles laga musikk med alt frå Cezinando til Jaga jazzist.

 

Dette seier Bergens tidende:

Tenk at musikk kan være så leken og innfallsrik, så energisk, drivende og kødden, så smart og så dum! Musikken er pop, men ikke popete. Det er jazzete, men ikke jazz. Men hvem bryr seg egentlig om slike kategorier? Andreas Rotevatn er rett og slett grisebra musikk. Terningkast 6

Bandet består av:

Andreas Rotevatn – trombone, tangentar & vokal
Johannes Nøkling Aagaard– gitar
Leo Geller – bass
Elias Tafjord – trommer
TBA – vokal