Tusmørke må kallast ranglevener, og når dei nå vender tilbake for fjerde gong er det med deira trettande fullengdar i bagasjen. Albumet «Balderdom» kjem ut 20. mars og om denne hendinga melder dei:

Tida si rørsle er framtida som stadig blir til notid. Ho går framover i sirkel, som eit hjul som rullar. Balder, Osiris og Jesus er alle vegetasjonsgudar som speglar årstidene sine evige tilbakekomstar. Etter vinterens død kjem livet attende. Men ikkje berre det – kvar morgon ber òg med seg lovnaden om ein betre dag. Ifølgje Snorre kjem ei ny jord etter Fimbulvinteren og Ragnarok. Ut av oska vaks ein betre stad. Dette inneber òg tanken om framsteg. For eit progband ligg dette i kjernen: Kvart album er ei forbetring av det førre, ei utforsking av nytt terreng, eit nytt blikk på verda.

Besetning på Ranglerock blir Brennesle (trommer), Krizla (fløyte/vokal) og Benediktator (bass/vokal) med spesiell gjest Skjeggkreet (gitar).